
Sammen med Invirio inviterar vi til gratis FoU-møte i Nordfjord 10. september.
Korleis kan robotisering og automatisering styrke framtidas industri i Nordfjord?
Mange industribedrifter står overfor dei same utfordringane: tilgang på kompetanse, krav til effektiv drift, auka konkurranse og behov for meir berekraftige løysingar.
Samtidig utviklar teknologien seg raskare enn nokon gong. Robotisering og automatisering kan gi store moglegheiter – men korleis finn ein dei løysingane som faktisk gir verdi for eiga verksemd?
Vi inviterer difor til eit felles FoU-møte der industribedrifter, ulike forskingsmiljø og teknologipartnarar møtest for å drøfte konkrete problemstillingar, utforske moglegheiter, og leggje grunnlaget for konkrete innovasjons- og forskingsprosjekt.
Dette er ikkje eit seminar der du skal sitje og lytte heile dagen. Målet er å få fram dei reelle utfordringane i industrien, behov for ny kunnskap og saman identifisere prosjekt og løysingar som kan styrke konkurransekrafta i regionen.
Kvifor bør du delta?
- Få innsikt i aktuelle teknologiar innan robotisering og automatisering
- Høyre erfaringar frå forskings- og teknologimiljø
- Presentere eigne utfordringar og behov
- Utforske moglegheiter for samarbeid og finansiering av innovasjons- og utviklingsprosjekt
- Vere med å forme framtidige FoU-initiativ for industrien i Nordfjord
Tid og stad
- 10. september 2026
- Nordfjord Hotell
- Kl. 09.00–12.00 (inkludert lunsj) – med prosjektverkstad etterpå 12.45 – 14.00
- Pris: Gratis
Arrangementer og kurs
Bygg kompetanse for fremtidens industri gjennom kurs og arrangementer.
Klar for å starte?
Bli medlem og få tilgang til alt klyngen tilbyr.
