Arrangement

FoU-møte, Førde

Næringsliv og forskere møtes til FoU-møte i Førde 30. september.
‍
Møtet arrangeres av Aksello i samarbeid med Forregion Vestland, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Kompetansesenteret for Robottreknologi (KORT) og Norwegian Robotics Cluster (NRC) som samarbeidspartnere.

Spørsmålet som blir stilt i møtet er: 

Korleis kan digitalisering, automatisering og robotisering bidra til å løyse konkrete utfordringar for industri- og produksjonsverksemder i Sunnfjord?

FoU-møtet skal vere ein møteplass der næringsliv, forskings- og utdanningsmiljø og offentlege aktørar kan møtast for å utforske moglegheiter, dele erfaringar og leggje grunnlaget for framtidige FoU-prosjekt og samarbeid.

Gjennom dagen ønskjer vi å:

  • utforske ny teknologi og digitalisering
  • identifisere utfordringar og kunnskapshol
  • dele erfaringar frå den digitale reisa
  • knyte kontakt mellom industri og forsking
  • leggje grunnlaget for nye FoU-prosjekt
  • skape samarbeid og verdiskaping

Målgruppe

FoU-møtet er relevant for:

  • industri og næringsliv
  • forskings- og utdanningsmiljø
  • offentlege aktørar

Agenda

09:00–09:15 – Oppmøte og mingling
09:15–09:30 – Velkomen og rammer for dagen
09:30–10:30 – Inspirasjon og erfaringsdeling del 1

  • Innlegg frå forskings- og fagmiljø v/ Daniel Schäle (HVL)
  • Erfaringar frå næringslivet v/ Westcon

10:30–10:45 – Kaffipause
10:45–12:00 – Inspirasjon og erfaringsdeling del 2

  • Korleis industrien kan nytte verkemiddelapparatet v/ Stig Frode Opsvik og Vidar Tufteland (Kompetansesenteret for Robotteknologi)
  • Case: Utvikling og implementering v/ Retrams

12:00–12:15 – Pause med matbit
12:15–13:00 – Idémyldring: Moglegheiter for vidare arbeid (workshop)
13:00–13:30 – Oppsummering, diskusjon og vegen vidare

Praktisk informasjon

Dato: Onsdag 30. september 2026

Tid: 09.00–13.30

Stad: Campus Verftet – Øyrane 12, 6800 Førde https://www.campusverftet.no/kontakt-oss

Deltaking er gratis.


Påmelding: trykk "Kjøp billett"

‍

Info
FoU-møte, Førde
30
.
09
–
30.09.2026
09:00-13:30
Campus Verftet – Øyrane 12, 6800 Førde https://www.campusverftet.no/kontakt-oss
Kjøp billett
Få nyheter direkte

Motta siste artikler og innsikt fra robotindustrien hver uke.

Ved å abonnere godtar du vår personvernpolicy.
Takk. Du mottar nå våre siste nyheter.
Noe gikk galt. Prøv igjen senere.

Klar for å starte?

Bli medlem og få tilgang til alt klyngen tilbyr.